Noreg vil trenge fleire droneoperatørar framover, meiner samferdselsminister Jon-Ivar Nygård. Han ivrar for at det blir fleire læreplassar i dronefaget.
Nygård la fredag fram Noregs aller første stortingsmelding
om dronar. Ei framtidsretta næring, slår han fast.
– I samferdselssektoren har vi i dag stor nytte av dronar i ulike situasjonar. Då må vi også bidra til at framtidas droneoperatørar blir utdanna, seier han i ei pressemelding.
Statens vegvesen får beskjed om å vurdere å etablere læreplassar i dronefaget for å følge opp satsinga.
Kan frakte gods og folk
Stortingsmeldinga tar også for seg korleis Noreg bør satse på dronar og såkalla luftmobilitet.
Desse løysingane vil auke moglegheita for å frakte både gods og etter kvart også personar, meiner samferdselsministeren. Det handlar om nye typar luftfartøy med ein storleik som strekker seg frå mindre helikopter til regionale rutefly.
– Noreg er eit land som er tidleg ute og positivt innstilt til nye teknologiske løysingar. Den posisjonen skal vi sørge for å føre vidare, seier Nygård.
Vurderer førelegg til uvettige droneførarar
Samtidig vil han stramme grepet for å få bukt med uvettig dronebruk og folk som blåser i regelverket.
Det skal greiast ut om Luftfartstilsynet skal få styremakt til å gi folk forenkla førelegg ved mindre alvorlege brot på regelverket.
Regjeringa vil også sjå på kva som kan gjerast for å auke bevisstheita for personvern og privatlivets fred. Det rettar seg særleg mot dei som skal fly dronar med kamera eller andre sensorar.
(©NPK)