Den nye prognosen viser eit importbehov på 2800 tonn egg, ein auke på 500 tonn frå januarprognosen, skriv Nationen.
Auken kjem hovudsakleg av redusert eggproduksjon etter at rundt 60.000 verpehøner måtte avlivast på grunn av forgifta kraftfôr frå Felleskjøpet Agri.
Nortura reknar med at tilførslane av egg vil bli 400 tonn mindre enn tidlegare anslått. Likevel ventar dei at situasjonen vil betre seg utover året:
For heile 2025 prognoserer Nortura med ein auke i tilførslane av norske egg på rundt 3,5 prosent til eggpakkeria og ein auke i salet på ytterlegare ein prosent.
(©NPK)