Jehovas vitne vann mot staten i lagmannsretten

Jehovas vitne vann mot staten i lagmannsretten

Vedtaket om å fråta Jehovas vitne statstilskot, var ugyldig, meiner lagmannsretten. Dei kom dermed til motsett konklusjon enn tingretten.

– Lagmannsretten fann det ikkje sannsynleggjort at Jehovas vitne sin praksis med sosial distansering overfor døypte medlemmer som melder seg ut av trussamfunnet, utgjorde ei krenking av medlemmer sin rett til fri utmelding av eit trussamfunn, skriv Borgarting lagmannsrett.

– Det var heller ikkje sannsynleggjort at Jehovas vitne sin praksis knytt til sosial distansering overfor mindreårige døypte medlemmer som blir ekskluderte eller melder seg ut av Jehovas vitne, eller praksisen overfor mindreårige døypte forkynnarar som gjer seg skuldige i normbrot, utgjorde psykisk vald eller negativ sosial kontroll retta mot barn på ein måte som krenkjer barn sine rettar.

Jehovas vitne gjekk til sak mot staten, etter at Statsforvaltaren i Oslo og Viken i 2022 fråtok Jehovas vitne statstilskot og offentleg registrering som trussamfunn.

Årsaka til tilbakekallinga av statstilskotet er at staten meiner eksklusjonspraksisen til Jehovas vitne inneber negativ sosial kontroll og hindrar fri utmelding frå trussamfunnet. Dette meiner staten er i strid med trussamfunnslova, som regulerer mellom anna tilskot til trus- og livssynssamfunn.

Staten vart frifunnen i tingretten i mars 2024, og Jehovas vitne anka dommen.