Inntekt frå eigedomsskatt gjekk noko ned i i fjor. Kommunane fekk 8,4 milliardar kroner frå bustader og fritidsbustader og 9,1 milliardar frå annan eigedom.
Det viser dei oppdaterte tala frå Statistisk sentralbyrå (SSB).
323 av dei 357 norske kommunane henta inn eigedomsskatt i fjor, totalt 17,5 milliardar kroner. Det er ein nedgang på 0,4 prosent frå året før. Eigedomsskatten frå bustader og fritidsbustader gjekk ned med 5 prosent. I snitt vart det der betalt 3796 kroner per bustad.
Eigedomsskatt frå annan eigedom auka med 4,2 prosent.
Gjennomsnittleg skattesats var 3,2 promille for bustader og fritidsbustader og 5,8 promille for annan eigedom.
Satsane er venta å liggja på same nivå i 2025.
(©NPK)