Når Holmenkollen Skifestival er over neste helg, pakkar kongen snippsekken og tek seg ei privatreise til utlandet. Kronprins Haakon overtek roret.
Det kjem fram av det offisielle programmet til Kongehuset
at kronprinsen fungerer som kronprinsregent den siste halvdelen av mars. Nettavisen
melde om dette først.
– Hans Majestet Kongen skal på privat reise i utlandet, og kronprinsen er regent i perioden 16. mars til 5. april, opplyser kommunikasjonssjef Guri Varpe ved Slottet til NTB.
Dronning Sonja har elles ikkje noko på programmet offisielt i denne perioden.
Dagen før avreise vil både kongeparet og kronprinsparet og dessutan prinsesse Astrid, fru Ferner vere til stades under langrenns- og kombinertkonkurransane i Holmenkollen.
Som kronprinsregent tek kronprins Haakon over alle oppgåvene til kongen, inkludert å halde statsråd på Slottet fredagar og audiensar, som kongen elles ville ha teke seg av.
(©NPK)