Regjeringa har varsla at dei legg fram ny samtykkelov før påske. Leiar i Forsvarergruppen, Mette Yvonne Larsen, meiner det ikkje er behov for ny samtykkelov.
Larsen meiner at ein ved å innføre ei ja-lov vil gjere bevissituasjonen endå vanskelegare enn i dag, skriv Advokatbladet.
Måndag stadfesta regjeringa til NRK
at dei legg fram ei ny samtykkelov før påske. Ordlyden i forslaget er førebels ukjend, men innføringa har skapt stor debatt – mellom anna er det usemje knytt til kva krav som bør stillast til samtykket.
Eit sentralt spørsmål var om eit krav om samtykke skal formast ut som eit «ja»-krav, eller «nei»-krav.
Larsen meiner det ikkje er behov for ei ny samtykkelov i norsk rett, verken forma ut som ja- eller nei-lov.
– Eit «nei»-krav har vi allereie i straffelova om forbod mot seksuell handling utan samtykke. Denne føresegna vil også omfatte seksuell omgang utan samtykke. Av den grunn har vi ikkje behov for ei samtykkelov som oppstiller eit «nei»-krav, forklarer ho.
– Dersom ein innfører endå eit bevistema, nemleg om den eine sa ja eller nei, meiner eg at bevissituasjonen blir svært vanskeleg, seier Forsvarergruppens leiar.
(©NPK)