Partileiar Arild Hermstad kjem til å krevje at Støre opnar EU-forhandlingar rett etter valet, seier han i opningstalen til MDGs landsstyre fredag ettermiddag.
I opningstalen seier Arild Hermstad at Noregs neste regjering må vere europavennleg, og at det er inga tid å miste.
– Støre er EU-mann omringa av EU-motstandarar. Derfor blir han nok glad inst inne når vi krev noko han sjølv ønsker, seier Hermstad vidare i talen.
MDG har tidlegare uttalt at dei aldri vil samarbeide med Framstegspartiet i regjering, noko Hermstad understrekar igjen.
(©NPK)