I april i fjor inngjekk Avinor og Luftfartstilsynet eit samarbeid om å etablere Noreg som ein internasjonal testarena for null- og lågutsleppsluftfart. No er første avtale om testflygingar signert.
Det er Avinor, flyprodusenten BETA Technologies og operatøren Bristow Noreg som har signert avtalen.
Testflygingane vil vere fraktflygingar utan passasjerar, som skal gjerast med elflyet ALIA frå den amerikanske flyprodusenten BETA, og flygast av Bristow Noreg. Fraktflygingane skal gå mellom Stavanger lufthamn Sola og Bergen lufthamn, og startar frå Stavanger allereie i sommar.
– Målet i Nasjonal luftfartsstrategi og Nasjonal transportplan 2025–2036 (NTP) er å omstille mot null- og lågutsleppsluftfart. For å lykkast med dette, er det prioritert éin milliard kroner i NTP. Det første større tiltaket er etableringa av Noreg som internasjonal testarena for null- og lågutsleppsfartøy, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård i ei pressemelding.
(©NPK)