Den nye tenesta frå Statens vegvesen skal gi ein prognose for glatt veg på alle europavegane, riksvegane og fylkesvegane no – og i eitt døgn fram i tida.
– Det å få eit forvarsel om det er isete og glatte parti på strekninga du skal køyre, gjer deg til ein meir skjerpa og trygg sjåfør, seier produkteigar for Vegvesen trafikk, Frode Kvam.
Kartet
viser tydeleg område med liten, moderat eller høg risiko for glatt veg. Prognose for glatt veg er sjølvsagt usikkert på same måte som eit vêrvarsel, og Kvam minner om at det er viktig å ta atterhald om at prognosane ikkje alltid stemmer med røynda. Derfor er det som alltid viktig å tilpasse farten etter forholda.
Vegvesenet har også utvikla eit kart som viser sanntidsinformasjon av trafikken på alle riksvegar, fylkesvegar og dei største kommunale vegane.
– Denne tenesta
er det mange som har etterlyst. Nest steg blir å inkludere trafikkflyt i ruteplanleggjaren slik at vi skal kunne gi trafikantane endå betre estimat på forvent reisetid, seier Kvam i ei pressemelding.
(©NPK)