Skattemeldingane for 2024 er på veg. Det siste skatteoppgjeret viste at så mange som 3 millionar fekk pengar til gode for skatteåret 2023. Foto: Amanda Pedersen Giske / NTB / NPK
Skattemeldingane for 2024 er på veg. Det siste skatteoppgjeret viste at så mange som 3 millionar fekk pengar til gode for skatteåret 2023. Foto: Amanda Pedersen Giske / NTB / NPK

No kjem skattemeldinga: – Det lønner seg å sjekke

Denne veka blir dei første skattemeldingane gjort tilgjengelege på nett. Skattebetalerforeningen minner om at det lønner seg å sjekke meldinga nøye.

Denne veka blir dei første skattemeldingane gjort tilgjengelege på nett. Skattebetalerforeningen minner om at det lønner seg å sjekke meldinga nøye.

Skattemeldinga blir send ut på ulike dagar mellom 13. mars og 4. april, ifølgje Skatteetaten.

– Du får beskjed på e-post eller SMS når du kan sjekke din, opplyser etaten på nettsida.

Då skattemeldingane i fjor vart sende ut til 5,1 millionar lønnstakarar, pensjonistar og enkeltpersonføretak, låg 2,7 millionar an til å få pengar til gode. Det siste skatteoppgjeret viste likevel at så mange som 3 millionar fekk pengar til gode for skatteåret 2023.

– Desse tala beviser det vi i Skattebetalerforeningen i ei årrekkje har understreka; det lønner seg å sjekke skattemeldinga, seier fagsjef Rolf Lothe i foreininga i ei pressemelding.

Ikkje ferdig utfylt

Då skattemeldingane vart sende ut i fjor, låg nordmenn an til å få 46 milliardar kroner i skatt til gode. Dette auka til 49 milliardar etter at skatteoppgjeret var klart. På same måte er restskatten redusert frå 40 til 29 milliardar etter sjekking og justering av opplysningane.

– Når så mange som 360.000 skattebetalarar klarer å snu situasjonen frå restskatt til null eller i beste fall få skatt til gode, burde det vere ein «no-brainer» når skattemeldinga no blir send ut, meiner Lothe.

Han seier mange trur at skattemeldinga er ferdig fylt ut, men slik er det ikkje.

– Det kan vera at du har gått gjennom store endringar frå 2023 til 2024, endringar som kan gi rett til frådrag. Desse bør du sørgje for å sjekke om er med. Dessutan kan opplysningane om deg vere feil, eller ha manglar, då er det ditt ansvar å sjå til at dette blir korrigert.

Sjekke lenger tilbake

Skattebetalerforeningen tilrår å ikkje utsetje sjekkinga.

– Det er viktig å hugse at desto tidlegare du leverer skattemeldinga, desto tidlegare får du skattepengane du eventuelt har til gode, seier Lothe.

Skatteetaten kan elles gjere endringar i inntil fem år etter fristen for å levera skattemeldinga.

Dermed er det i år siste året det er mogleg å korrigere opplysningane i skattemeldinga for 2021. Er det feil eller manglar i denne, og dette blir oppdaga av etaten seinare, vil det vere ansvaret til kvar enkelt skattebetalar å korrigere.

(©NPK)