På tre år har det blitt 6,9 prosent færre føretak som får tilskot frå i Troms og Finnmark. Det er den største nedgangen blant fylka i Noreg. Foto: Berit Roald / NTB / NPK
På tre år har det blitt 6,9 prosent færre føretak som får tilskot frå i Troms og Finnmark. Det er den største nedgangen blant fylka i Noreg. Foto: Berit Roald / NTB / NPK

Nord-Noreg mister flest bønder

I Nord-Noreg er det størst nedgang i talet på jordbruksføretak og minst vekst i totalt utbetalte tilskot til jordbruket blant fylka her i landet. No slår bøndene alarm.

I Nord-Noreg er det størst nedgang i talet på jordbruksføretak og minst vekst i totalt utbetalte tilskot til jordbruket blant fylka her i landet. No slår bøndene alarm.

Jordbruksoppgjeret for dei siste tre åra har vore på til saman over 17 milliardar kroner.

– Det er positivt, men det er eit langt stykke igjen å gå for å styrke økonomien, seier Andreas Larsen, seier Andreas Larsen til Nationen

Bonden meiner det må kome eit løft i økonomien for dei som driv med sau, ammeku og mjølk. Næringane flest bønder driv med i Nord-Noreg.

– Det er i desse produksjonane at inntekta er lågast ifølgje driftsgranskingane.

Viss ikkje trur han jordbruket blir heilt borte i fleire bygder.

Jon Nikolaisen, leiar i Finnmark Bonde- og Småbrukarlag viser til at Tine og Nortura har ropt varsku om liten og sårbar tilgang på råvarer og høge foredlingskostnader.

– Vi er for få bønder igjen i Finnmark viss vi skal ha eit landbruk i heile landet og ta vare på samfunnsberedskapen, seier han

Han meiner dei nye tonane frå regjeringshald om meir satsing på byar er dårleg nytt for Finnmark.

– Det har blitt effektivisert så mykje at det nær ikkje er nokon igjen. Stortinget må sjå dette, seier Nikolaisen.

(©NPK)