Rapporten har kartlagt nesten 600.000 landbruksbygningar på landsbasis, der over 300.000 er omtalt som relevante bygg med solteknisk potensial. Foto: Kari Hamre / NPK
Rapporten har kartlagt nesten 600.000 landbruksbygningar på landsbasis, der over 300.000 er omtalt som relevante bygg med solteknisk potensial. Foto: Kari Hamre / NPK

Norske låvetak kan bli dei nye kraftverka

Solceller på taka på norske gardsbruk kan dekke nesten heile Oslos straumforbruk viser ny rapport.

Viss ein byggjer solkraftanlegg på alle tilgjengelege norske landbruksbygg kan det gi mellom 5 og 7 TWh straum i året, viser ein ny Multiconsult-rapport.

Det svarar til nesten heile det årlege straumforbruket i Oslo, skriv NRK.

Lars Fredrik Stuve, styreleiar i organisasjonen Norges vel som har bestilt rapporten, meiner bønder som produserer solkraft bør kunne selje straum lokalt og sleppe å betale elavgift og nettleige.

Han viser til bustadbyggjelaga som kan dele straum med naboar utan å få desse utgiftene.

– Vi treng same ordning for landbruksbygg, seier Stuve.

Stortinget har som mål å bygge ut 8 TWh innan 2030. Energiminister Terje Aasland (Ap) er positiv til funna i rapporten, og peikar på det årlege landbruksoppgjeret mellom staten og bondeorganisasjonane som staden saka kan diskuterast.

(©NPK)