Fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss har fått fleire forslag til tiltak etter ei omfattande høyringsrunde med rundt 260 innspel.
Blant forslaga som har vore på høyring, finn ein redusert utførselskvote, innfrysingsforbod, dagleg fangstrapportering og standardisert utførselsdokumentasjon. Dette er berre første etappe i arbeidet med å regulere turistfisket, og fleire tiltak er under utgreiing, skriv Nærings- og fiskeridepartementet i ei pressemelding.
– Fiskeridirektoratet jobbar med å greie ut fleire tiltak, og det vil kome ei ny høyring seinare i år. Regjeringa meiner turistfiskebedriftene er viktige for aktivitet og verdiskaping langs kysten. Difor jobbar vi aktivt med å leggje til rette for ei meir berekraftig turistfiskenæring, og desse tiltaka skal bidra til dette, seier Sivertsen Næss i meldinga.
(©NPK)