Vegane her i landet får hard medfart av flaum, snø og frost. Foto: Heiko Junge / NTB
Vegane her i landet får hard medfart av flaum, snø og frost. Foto: Heiko Junge / NTB

Rapport: Fylke som held vegane ved like, blir straffa økonomisk

Fylkesvegane er i forfall, men fylke som prøver å halde vegnettet ved like, får mindre pengar frå staten, ifølgje ein ny rapport frå Opplysningsrådet for veitrafikken (OFV).

Fylkesvegane er i forfall, men fylke som prøver å halde vegnettet ved like, får mindre pengar frå staten, ifølgje ein ny rapport frå Opplysningsrådet for veitrafikken (OFV).

– Mange fylke ønskjer å prioritere vedlikehald, men økonomien tvingar dei til å gjere det motsette. Vi kan ikkje halde fram med eit system som lèt vegane forfalle, samtidig som dei er avgjerande for jobbar, utvikling og tryggleik i heile Noreg, seier fagsjef Rikard G. Knutsen i OFV.

Ifølgje rapporten « Fylkeskommunenes
prioriteringer i
veisektoren» blir dei fylka som lèt vegane forvitre påskjønte, med auka tilskot.

Forfallet er verst i Vestland, Nordland og Møre og Romsdal med dårlege dekke, manglande rassikring og forseinka tunneloppgraderingar er gjennomgåande problem, ifølgje rapporten.

Store delar av løyvingane frå staten blir fordelte etter kor stort vedlikehaldsetterslep eit fylke har, noko som betyr at jo dårlegare vegane er, desto meir pengar får fylket til opprusting og fornying, ifølgje OFV.

– Dagens system straffar dei fylka som tek ansvar. Det må endrast dersom vi skal sikre trygge og framkommelege vegar i heile landet, seier Knutsen.

Dei meiner partia bør gjere dette til ei valkampsak opp mot stortingsvalet i haust. OFV foreslår mellom anna auka løyvingar gjennom rentekompensasjonar, og dessutan større øyremerkte midlar til mellom anna ras- og skredsikring.

(©NPK)