Fylkeskommunen i Rogaland vil flytte russetida til sommarferien og kutte festen til éi veke. Foto: Lise Åserud / NTB / NPK
Fylkeskommunen i Rogaland vil flytte russetida til sommarferien og kutte festen til éi veke. Foto: Lise Åserud / NTB / NPK

Rogaland fylkeskommune foreslår éi vekes russefeiring – i sommarferien

I Rogaland foreslår fylkeskommunen at russefeiringa neste år skal gå føre seg etter at skulen er slutt og ei veke inn i ferien.

I Rogaland foreslår fylkeskommunen at russefeiringa neste år skal gå føre seg etter at skulen er slutt og ei veke inn i ferien.

Forslaget skal behandlast av opplæringsutvalet neste tysdag, melder Aftenbladet.

Overfor avisa seier Hilde Blesvik i Rogaland fylkeskommune at forslaget byggjer på eit nasjonalt prosjekt i samarbeid med Utdanningsdirektoratet, der det blir foreslått ei alternativ feiring. Ho vil at russen skal ta eigarskapen til russefeiringa tilbake frå kommersielle aktørar.

– Før planla dei sjølv, måla og teikna. No er det kommersielle aktørar som styrer mykje av feiringa, og vi håpar på ei feiring utan russebussar og det økonomiske presset som følgjer med, seier ho.

I år blir russetida sparka i gang i Rogaland 11. april, og varer i fem veker, ifølgje Aftenbladet. Starten skjer to veker før ønsket frå fylkeskommunen i år.

(©NPK)