Kjersti Toppe er innstilt som ein av to nye nestleiarar i Senterpartiet i helga. No står stortingsplassen hennar i fare. Foto: Heiko Junge / NTB / NPK
Kjersti Toppe er innstilt som ein av to nye nestleiarar i Senterpartiet i helga. No står stortingsplassen hennar i fare. Foto: Heiko Junge / NTB / NPK

Senterpartiet kraftig tilbake i Hordaland i ny BT-måling

Senterpartiet får 3,8 prosent oppslutning i Hordaland, viser ei meiningsmåling for Bergens Tidende. Det set stortingsplassen til Kjersti Toppe i fare.

Kjersti Toppe er på veg inn som nestleiar – men ut frå Stortinget, dersom meiningsmålinga frå Bergens Tidende
blir valresultatet i haust.

– Dette er for dårleg. Ja, altfor dårleg, seier Toppe til BT.

Ho er innstilt som ny nestleiar i partiet, saman med Bjørn Arild Gram. Landsmøtet vel ny partileiing laurdag ettermiddag.

Partiet får 3,8 prosent oppslutning i Hordaland. Målinga er utført av Respons Analyse for Bergens Tidende. Den er gjennomført 24.–27. mars, og 800 personar er spurde.

I 2021 fekk Senterpartiet 9,9 prosent oppslutning i Hordaland i stortingsvalet.

Toppe har sete fire periodar på Stortinget for Hordaland. Berre Erna Solberg har sete lenger på hordalandsbenken.

– No blir det knallhard jobbing fram til valet. Vi må vinne tilbake mange av dei som har stemt på oss tidlegare, men som no sit på gjerdet, seier ho.

(©NPK)