Oslo, Norge 20160426.Arbeidere i arbeid, Byggeplass. Bygg og anlegg. Anleggsplass og byggegrop for det nye Nasjonalmuseet på Vestbanetomta.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Somme yrke har høgare risiko for kols
Arbeidarar i somme yrke har høgare risiko for å pådra seg kols enn andre, på grunn av lufta på arbeidsplassen. Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI) melder at dei har undersøkt dette over lengre tid for å finna kven som har høgast risiko.
– Målet med studien var å identifisere yrkesgrupper i Noreg som framleis har auka risiko for redusert lungefunksjon. Dette er viktig for å treffe betre med førebyggjande tiltak i arbeidsmiljøet, fortel overlege og seniorforskar på STAMI, Lisa Aarhus.
Kring åtte prosent av folket rapporterer at dei har luftvegssymptom i samband med arbeidet sitt. Førekomsten er låg i kontoryrke og administrative stillingar, der berre seks prosent melde om symptom. I industri og andre bransjar med ein stor del fagarbeidarar var talet derimot 14 prosent.