Sjølv når alle tal er justerte for inflasjon, har bukostnadene i hushalda auka med 35 prosent. Foto: Erlend Aas / NTB / NPK
Sjølv når alle tal er justerte for inflasjon, har bukostnadene i hushalda auka med 35 prosent. Foto: Erlend Aas / NTB / NPK

SSB: Buutgiftene har auka med 35 prosent på 13 år

Høgare rente og stigande bustadprisar dei siste åra er hovudårsakene til at norske hushald brukar mykje meir pengar på å bu enn før pandemien.

Høgare rente og stigande bustadprisar dei siste åra er hovudårsakene til at norske hushald brukar mykje meir pengar på å bu enn før pandemien.

Det kjem fram av ein artikkel frå Statistisk sentralbyrå (SSB)
, som ser på buutgifter for ulike buformer og hushald frå 2011 til 2024.

Sjølv når alle tal er justerte for inflasjon, er bukostnadene i hushalda auka med 35 prosent. På grunn av renteauken dei siste åra, er auken aller størst for dei som eig eigen bustad og stor bustad, og han har vore spesielt kraftig dei siste seks åra.

Samtidig har utgiftsauken fått ekstra mykje å seie for mindre hushald. Andelen hushald som brukar 40 prosent eller meir av inntekta på bustadutgifter har auka kraftig spesielt dei siste to åra. Særleg åleinebuande er utsette.

SSB-analysen viser at renteutgifter er den buutgifta som har auka mest mellom 2011 og 2024. Personar med store lån har i ei viss grad justert utgiftene ved å redusere avdragsbetaling på lån når renta har gått kraftig opp.

(©NPK)