Dei siste 15 åra er det fødd stadig færre barn i Noreg. Det bidreg til at det dei siste fem åra har vorte 9790 færre barnehagebarn og 508 færre barnehagar i Noreg, opplyser Statistisk sentralbyrå (SSB).
I 2024 gjekk 266.014 barn i barnehage, 904 færre enn i 2023.
– Trass i nedgangen i talet på barn i barnehage, har delen barn i barnehage auka kvart år dei siste fem åra, seier Per T. Tuhus, seniorrådgivar i SSB og ansvarleg for barnehagestatistikk.
Særleg blant 1- og 2-åringar har dekningsgrada auka dei siste fem åra. Alle får likevel enno ikkje plass. Det var i fjor 6002 barn i alderen 0 til 5 år på venteliste. 5087 av barna var mellom 0–2 år.
Kvart sjette ventelistebarn – meir enn 1000 – budde i Rogaland. Fylka Nordland og Innlandet hadde meir enn 600 barn kvar på ventelistene.
Samla fruktbarheitstal (SFT)
har falle og falle, frå 1,98 barn per kvinne i 2009 til rekordlåge 1,40 i 2023. Då blir det større del barn som får plass i barnehage. I fjor var det likevel ein liten oppgang i fruktbarheita, til 1,44 barn per kvinne.
(©NPK)