Søkartalet har i fleire år lege på 60-70 elevar, og dette året ligg dei på øvre del av søknadsmengda. Totalt har 90 unge søkt studieplass ved Tveit dette året, fordelt på fleire årsklassar. Av dei er det 40 søkarar til VK1. Totalt reknar ein med at i alt 70 elevar vil takke ja til studieplass i kommande skuleår.
– Me har 50 internatrom tilgjengelege, og sidan fleire og fleire av elevane vil ha eige rom, så passar det oss fint med eit slikt elevtal, seier rektor.
Førsteårsstudentane går på linja for generelt naturbruk der dei får kunnskap i fagområde dei kan velje året etter.
– Me har cirka 15-16 studentar innan kvart fag, men i år er det litt få elevar ved anleggsgartnarlinja. Det er synd, for denne linja gir god opplæring innanfor eit breitt spekter, og det er vanlegvis lett å få læreplass. I år har me styrka lærarstaben, noko som særleg vil komme elevar på denne linja til gode, seier Åsheim.
Hund tillate
Linja med dyrefag er blitt svært populært, der elevane kan ha med seg sin eigen hund. Hestane som skulen har er også populære. Men skulen tilbyr eit breitt spekter av fag:
– Me samarbeider med akvakulturbedrifter som kan tilby studieplass til dei som har havbruk som studieretning.
Rektor Åsheim nemner at dei er spesielt glade for å ta imot åtte elevar frå vår eigen kommune.
– Me har elevar frå store deler av den utvida regionen. Både Sveio, Karmøy, Bømlo, Stord, Suldal og Sør-fylket er representert i tillegg til nokre elevar frå Sørlandet. Dette set sitt preg på Nedstrand, med auka handel og bruk av transportmidlar. Me meiner at skulen har mykje å seie for miljøet her, seier rektor Kåre Åsheim.
Stoffutveksling
Denne saka er henta frå Tysvær Bygdeblad som Grannar har avtale om stoffutveksling med.