Europa burde koordinere pengane som blir brukte på våpen og inkludere Noreg og Storbritannia i dette, siger statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) til Bloomberg.
– Det kjem til å bli ein diskusjon no om korleis kvart land må gjere ein innsats og korleis vi kan slå saman ressursar, seier Støre til nyheitsbyrået.
Intervjuet vart gjort i forkant av at Støre i helga skal til Storbritannia for å delta på Ukraina-toppmøtet som Storbritannias statsminister Keir Starmer har invitert til. Der skal også ei rekke andre europeiske leiarar delta.
– Dersom vi treng å styrkje europeisk forsvar, bør det gjelde den europeiske delen av Nato. Det er der du har Storbritannia, det er der du har kommandostrukturar, der du har den militære komponenten, held statsministeren fram.
(©NPK)