TV 2-sjef Olav T. Sandnes beklagar til Telia-kundar etter at TV 2 ikkje har klart å bli samde med Telia om ny distribusjonsavtale.
Rundt ein halv million husstandar mistar dermed tilgangen til TV 2s kanalar.
– Vi har uttrykt at vi er oppriktig lei oss for denne situasjonen. Som sagt klarer mange å finne fram til TV 2s innhald, anten via TV 2 Play eller andre distributørar, men nokre synest dette er krevjande, og det er spesielt dei vi oppriktig beklagar til, seier TV 2-sjef Olav T. Sandnes til Kampanje.
Han seier at TV 2 ønskjer å forlengje og vidareutvikle gode distribusjonssamarbeid, men at ein må ha respekt for at ein ikkje kjem i mål nokre gonger.
– Vi har veldig gode distribusjonspartnarar, og strategien vår er å føre dei vidare, men så er det også tilfelle der vi ikkje finn felles grunnlag for ein avtale, som med Telia. Då er jobben å sikre at vi informerer kundane på ein god måte. Heldigvis har kundane funne ut av det, og vi ser at vi leverer sjåartal på veldig bra vis.
(©NPK)