Johannes Høsflot Klæbo herjar i VM på heimebane. Foto: Terje Pedersen / NTB / NPK
Johannes Høsflot Klæbo herjar i VM på heimebane. Foto: Terje Pedersen / NTB / NPK

Ustoppelege Klæbo tok sitt 12. VM-gull – trippelt norsk på 10-kilometeren

J

Johannes Høsflot fullførte eit VM-hat trick på heimebane då han kriga seg inn til gull på 10 kilometer klassisk i eit heftig snøvêr framfor to lagkameratar.

Det var Klæbos tredje VM-gull på tre forsøk i Granåsen i Trondheim. Han har tidlegare vunne både sprint og skiatlon.

– Det er ubeskriveleg. Eg trur til og med i dag at Ivo (Niskanen) skulle fått trøbbel, sa pappa Haakon Klæbo til NTB.

Totalt har han samla tolv VM-gull så langt i karrieren. Det betyr at han har gode sjansar seinare i meisterskapen til å passere VM-kongen Petter Northugs rekord på herresida med 13 gull.

– Det er nesten litt uforståeleg. Eg tenkjer på det kvar einaste gong eg kjem mot Granåsen. Ein ser stadion, og her skal han ut og gå. Det å få gå her med alle folka – og eg har snakka med fleire av løparane – dei er starstruck berre av å få gå ut her. Når du i tillegg tek medalje og får komme ned på torget i heimbyen din …, sa ein tydeleg rørt Haakon Klæbo til NTB.

– For eit VM, med det trykket på førehand, å levere det eine toppløpet etter det andre, på heilt ulike øvingar og heilt ulike forhold, lydde hyllesta frå NRKs ekspert Torgeir Bjørn.

Intens kamp

Klæbo gjekk jamt bra tysdag, men var nokre sekund bak lagkamerat Erik Valnes ved dei første mellomtidene.

Seinare skulle løpet utvikle seg til ein tett krig mellom fleire norske løparar. Harald Østberg Amundsen og Martin Løwstrøm Nyenget lét seg heller ikkje knekke lett.

Til slutt var det heimefavoritten Klæbo som avgjorde framfor eit vilt Granåsen-publikum. Valnes tok sølvet og Amundsen bronsen.

På siste bakketopp fall Nyenget, og han kan ha gått glipp av ein medalje på grunn av det. I mål var han nummer fem.

Svenskane Edvin Anger og William Poromaa vart nummer fire og seks. Sistnemnde låg an til sølv, men sprakk på slutten.

Trøndervêr

Eit heftig snøvêr over Granåsen skapte store utfordringar for smørjarane framfor VM-rennet. Dei norske løparane valde alle å gå på såkalla rubba ski.

– Det verkar som det er klink rubbføre i alle fall. Det er bra at det ikkje er noko tvil. Vel ein klister i dag, tek ein stor sjanse, kommenterte landslagsløpar Didrik Tønseth overfor NRK.

– Realt trønderføre og trøndervêr, kommenterte Klæbo sjølv før start.

NRK-ekspert Martin Johnsrud Sundby melde tidleg om store skiforskjellar.

– Det er eventyrlege glidforskjellar når dei glir forbi oss her og ut mot Litjåsen. Det er enorme forskjellar på ski, sa han.

(©NPK)