NHOs sjeføkonom Øystein Dørum. Foto: Javad Parsa / NTB / NPK
NHOs sjeføkonom Øystein Dørum. Foto: Javad Parsa / NTB / NPK

Fleire NHO-bedrifter ser mørkt på framtida

Medan dagens situasjon er noko betra for NHO-bedriftene, er framtidsutsiktene litt forverra.

24 prosent av dei 2052 bedriftene som er spurde, svarer at dagens situasjon er god. 21 prosent svarer at han er dårleg.

Overvekta av dei positive bedriftene er på 3 prosent, opp frå 2 prosent i førre undersøking.

– Dette er framleis godt under det vi ville vente å sjå i ein normalsituasjon. Strekken i laget er framleis stor, seier NHOs sjeføkonom Øystein Dørum.

Framtidsutsiktene er likevel noko forverra. 17 prosent ventar betring i marknadssituasjonen dei neste seks månadene, medan 21 prosent ventar forverring.

Fleire ventar forverring framover

I mars var det 2 prosent fleire som såg lyst på framtida, medan det no er 4 prosent som trur det blir verre.

– Også dette er svakt, omtrent på linje med korleis det har vore eitt års tid, seier Dørum.

Situasjonen er best innan reiseliv og svakast innan sjømat.

Fordelt på fylka er situasjonen best i Troms, Rogaland og Nordland, og svakast i Buskerud, Innlandet og Telemark.

Augnar rentekutt

Undersøkinga vart gjennomført 26. mars til 1. april. Denne gongen er bedriftene også spurde om forventningar til renta. 1517 bedrifter har svart på spørsmål om dette.

Dei fleste svarte før det vart klart at Noregs Bank ikkje set ned styringsrenta, men beheld henne på 4,5 prosent.

6 prosent trur renta kjem til å vere høgare ved årsslutt enn ho er no, medan 31 prosent trur ho held fram på dagens nivå.

17 prosent ventar eitt kutt, medan 38 prosent ventar to kutt.

(©NTB)