Ifølgje Sats si «Healthier and happier» undersøking 2025, har deltakinga på yoga- og mindfulnesstimar auka med 30 prosent i heile landet det siste året.
Fleire andre treningssenter NRK
har snakka med opplever liknande trend og har utvida tilbodet.
Heile 44 prosent av dei spurde seier at dei trenar for å betre den mentale helsa si, ifølgje SATS.
– Tala våre viser tydeleg at det har vorte eit skifte i korleis medlemmer tilnærmar seg si eiga helse og korleis dei ønskjer å bruka tida si på treningssenter, seier kommunikasjonssjef i Sats Tina Brodal til NRK
Ifølgje henne har dei derfor eit auka fokus på mental helse og stressavlasting.
(©NPK)