– Trass i sein påske, kan vi i DNT roe fjellfolket: Du må kanskje leite litt meir for å finne skiføret, men det er nok av stader ein kan reise for å få snø og skiføre i år òg, seier generalsekretær Tor Kåpvik i DNT.
I låglandet har mildvêret tært kraftig på snøen, vårblomstrane har teke over. Men reiser ein oppover i høgfjellet, lyser det kvitt på lang lei.
– Nokre utfordringar må ein vere førebudd på, som opne bekkar og berre flekker, men det er jo vanleg når det er sein påske, seier Kåpvik.
Hytte til hytte-turar går fint midt på Hardangervidda, Jotunheimen, i Skarvheimen, Breheimen, Tafjordfjella, Trollheimen, Sylan og i Nord-Noreg. Det kan vere lurt å ringe dei betente hyttene for å få ei siste oppdatering om føreforholda.
Dei fleste DNT-hyttene har framleis ledige rom, ifølgje Kåpvik, som til slutt kjem med nokre formaningar:
* Sjekk forholda der du skal – det er store variasjonar i det langstrekte landet vårt.
* Hugs vindtette klede og søk ly om nødvendig.
* På Ut.no/meldinger får du statusrapport for utvalde tur- og fjellområde.
* På ut.no/kart finn du oversikt over skiløyper.
* OBS! Mildvêret gjer at ein bør vere obs ved kryssing av elvar og vatn. Sjekk isvarsel og skredvarsel på varsom.no.
(©NPK)