Bombegruppa kom seint i går kveld, sjekka gjenstanden og tok han med seg.
Foto: Anna Silgjerd Monstad
Tysvær
NEDSTRAND: Fann gjenstand som var meint å skremma
Bombegruppa er no ferdig på staden. Dei 12 evakuerte kan flytta tilbake. Gjenstanden er teken med inn til politistasjonen. Sak vert oppretta.
— Det som såg ut som ei bombe, var ikkje ei bombe. Det er avklara at ho ikkje var farleg, fortel jourhavande jurist Anne Mette Dale i Sør-Vest politidistrikt til Haugesunds Avis like etter klokka ni fredag morgon.
Gjenstanden som vart funnen, vart undersøkt av bombegruppa, og det vart slått fast at han ikkje inneheldt eksplosivar eller noko anna farleg.