Eit fleirtal er villige til å ta ansvar for sin eigen og pårørande si velferd når vi blir eldre, viser ei ny undersøking gjort for KS.
På oppdrag frå KS har Ipsos spurt eit representativt utval på 1063 personar om nye velferdsløysingar.
74 prosent svarar at dei er villige til å investere i eigen bustad for å kunne bu heime lengst mogleg. Viljen er størst i aldersgruppa 40–59 år, der 78 prosent svarar positivt.
– Alle må vere førebudde på at tenestene kan bli leverte på ein annan måte enn vi er vane med. Årsaka er stramme budsjett og mangel på arbeidskraft, kombinert med eit aukande behov for velferdstenester i åra som kjem. Det vil krevje endringar og tilpassing av tenestene, seier styreleiar i kommuneorganisasjonen KS, Gunn-Marit Helgesen.
KS meiner det er naudsynt å tenkje nytt om velferdssamfunnet for å ha gode tenester også om 20 og 30 år. I åra som kjem vil befolkninga endre seg dramatisk. Det blir mange fleire eldre som vil trenge helse- og omsorgstenester, men det blir ikkje fleire skattebetalarar eller meir pengar.
Oppgåvene veks, og ressursane blir knappare, trur kommuneorganisasjonen.
Undersøkinga viser elles at 39 prosent svarar at dei er villige til å flytte nærmare kommunesenteret for å få naudsynte tenester. I tillegg er 27 prosent opne for ei slik endring, utan at dei har teke stilling til spørsmålet. 27 prosent svarar dei i liten grad er villige til å flytte.
(©NPK)