– Eg må seie eg er lamslått og sjokkert. Dette er veldig mykje meir enn det vi trudde, seier generalsekretær Einar Wilhelmsen i miljøorganisasjonen Sabima til Aftenposten.
Norkart har gått gjennom norske kommunars utbyggingsplanar på oppdrag frå Sabima og WWF. Kartlegginga viser at 136 av dei 208 kvadratkilometrane som blir planlagde bygde på myr, skal gå til hyttebygging.
Wilhelmsen forklarer at myr er ein stor og viktig karbonlagrar. I tillegg lever det over 300 utryddingstrua artar i myrene, som også er kvileplassar for trekkfugl.
Når myrer blir gravne opp, for eksempel til utbygging, blir lagra karbon frigjort og sleppt ut i atmosfæren igjen. Om alt arealet blir bygd ut, svarer utsleppet frå myrane til eitt heilt års utslepp i Noreg, ifølge WWF.
Stortinget støtta eit forbod mot å bygge på myr for to år sidan. Sidan då har Miljødirektoratet levert eit forslag, som blir sendt på høyring før sommaren. Dermed kjem det først på plass neste år.
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap) seier han støttar eit forbod, og vil sjå på løysingar for å avgrense nedbygging av myr før eit forbod kjem på plass.
(©NPK)