Kjersti Toppe (Sp) meiner tilliten til norsk fødselsomsorg må gjenopprettast.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB / NPK
Sp vil gjera fødsel utan helsepersonell straffbart
Talet på uassisterte heimefødslar aukar. Det vil tidlegare barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) setja ein stoppar for med nytt lovforslag.
Toppes forslag vil mellom anna lovfesta at fødselshjelp ikkje skal kunna givast av andre enn autorisert helsepersonell, jordmor og lege.
– Den fødande skal ikkje straffast. Det er doulaene og ikkje-autoriserte fødselshjelparar som skal straffast, dersom dei yter fødselshjelp som berre helsepersonell skal ha ansvar for, seier Toppe til VG.
Doula er ein som støttar den gravide gjennom fødselen, men er ikkje autorisert helsepersonell.