Advokat Mette Yvonne Larsen.
Foto: Heiko Junge / NTB / NPK
Trur færre vil bli dømt med ny samtykkelov
Regjeringa vil innføra prinsippa berre ja betyr ja» og nei betyr nei» i straffelova. Men justisminister Astri Aas-Hansens (Ap) forslag om endringar i lova om seksualbrotsverk møter motbør.
– Som politikar kan ein ikkje ha som mål at fleire skal bli dømde. Målet må heller vera at dei rette sakene fører til domfelling, seier advokat
Mette Yvonne Larsen til TV 2.
Ho leier Forsvarergruppen i Advokatforeininga og kallar lovforslaget eit aktivistforslag».
– Me trur det berre vil gjera ein allereie svært vanskeleg sakstype endå meir komplisert. Og eg meiner fleire vil bli frifunne, seier Larsen.