Statens vegvesen har kontrollert rundt 40 bussar og bilar som blir brukte av russ denne våren. 21 av dei fekk bruksforbod, skriv VG.
Nivået i år er omtrent det same som tidlegare år. Det er urovekkjande, meiner Statens vegvesen, som viser til at alvorlege tekniske manglar er ein trussel for trafikktryggleiken.
– At foreldre lèt sine eigne barn, sjølv om dei no er myndige, vere passasjerar på sånne typar køyretøy, det synest vi er skrekkeleg, seier seksjonssjef Roy Harald Holm i Statens vegvesen.
Vegvesenet meiner det mest alvorlege er blankslitne dekk, manglande bremser, sabotasje av ferdsskrivaren og brot på kviletidsreglane for sjåføren.
(©NTB)