Klimaminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap) fekk måndag overlevert ein rapport med heile 79 forslag for å redusere forbruket til nordmenn og innføre ein meir sirkulær økonomi. Foto: Heiko Junge / NTB / NPK
Klimaminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap) fekk måndag overlevert ein rapport med heile 79 forslag for å redusere forbruket til nordmenn og innføre ein meir sirkulær økonomi.

Forbruket til nordmenn må ned – ny rapport foreslår fleire tiltak

Ei ekspertgruppe har foreslått 79 nye tiltak for å redusere forbruk og fremje ein sirkulær økonomi her i landet.

Publisert Sist oppdatert

Rapporten Ikke rett fram» vart overlevert til klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap) måndag formiddag.

– Vi må bort frå ein bruk-og-kast-økonomi og over til ein økonomi der vi i større grad reparerer, bruker om igjen, og deler på ressursane. Då treng vi nye verkemiddel som gjer det lønnsamt å ta vare på det vi har, seier ministeren.

Formålet med ein sirkulær økonomi er å sjå verdiane i det vi allereie har. Ved å ombruke, vinne tilbake materiale og reparere store og små produkt, sløser vi mindre og sikrar at ressursane våre får nye og lengre liv, understrekar han.

Nordmenn på toppen i forbruk

Ifølgje OECD ligg nordmenn på toppen blant landa med det høgaste materialforbruket i verda.

Brita Bye, leiar for ekspertgruppa, understrekar behovet for endring:

– Det må bli dyrare å kjøpe nytt og enklare å ta vare på ressursane vi har, seier ho.

Blant dei foreslåtte tiltaka er ei tekstilavgift på nye klede, ei reparasjonsordning for elektronikk, og ei avgift på plastemballasje. Gruppa tilrår også å innføre relevante EU-regelverk raskt, og å utvide produsentansvaret.

– Vi vil raskt gå i gang med å følgje opp tilrådingane. Vi vil også sende rapporten ut på høyring, seier Eriksen.

Ikkje momskutt

NHO Service og Handel hadde ønskt eit momskutt på brukthandel, men konstaterer at dette ikkje er eit av tiltaka som ekspertutvalet har gått inn for.

– NHO Service og Handel er opne for at det finst fleire vegar til mål, men då må verkemiddelet vere effektivt og gjennomførbart. Vi har lenge tilrådd å fjerne moms på brukthandel, reparasjonar eller utleige av utstyr for å få meir berekraftige løysingar innanfor handel, seier administrerande direktør Vegard Einan.

– Vi vil setje oss grundig inn i tilrådingane frå utvalet for å vurdere dette nærare, seier han.

MDGs nestleiar Ingrid Liland peikar på at rapporten er heilt i tråd med det partiet har sagt i årevis: det må vere billigare å ta vare på ting enn å kjøpe nytt, bruke og kaste.

– Noreg er den minst sirkulære økonomien i Europa. Regjeringa har gjort minimalt for å rette på dette, og typisk nok kjem rapporten deira rett før eit val. Om vi vil ha noko løft for sirkulærøkonomien, må vi ha eit Storting som prioriterer det, seier ho.

(NPK)

Powered by Labrador CMS