– Dei som har sådd tidleg har fått fine åkrar, mens dei som har sådd heilt mot i dag kan nok slite med spiringa, seier Harald Solberg, fagkoordinator korn hos Norsk Landbruksrådgiving til Nationen.
Nibios Landbruksmeteorologiske Tjeneste (LMT) overvaker tørkesituasjonen.
– På Austlandet viser berekningane at det er stort vatningsbehov på haustkorn på tørkesvak jord, men også vatningsbehov på meir tørkesterk jord, seier Hugh Riley og Annbjørg Øverli Kristoffersen ved Nibio Apelsvoll.
Dei forklarer at vassforbruket til plantane avheng av fleire faktorar.
– Behovet for vatning varierer med jordtype. Behovet oppstår når cirka 40 prosent av plantetilgjengelege vassreservar på jorda er oppbrukt. Dette svarar til eit underskot på cirka 30 millimeter vatn på tørkesvak jord og cirka 45 millimeter på tørkesterk jord.
Vêrprognosane framover viser heller ikkje noko nedbør i sikte og fleire bønder har allereie begynt å vatne kornet ifølge forskarane.
I Trøndelag er situasjonen ein annan. Der har dei fått litt vel mykje vatn fortel Solberg.
(©NPK)