I forskingsprosjektet Tiltak mot spøkelsesfiske i Sør-Noreg» er målet å finne ut kor mange spøkelsesteiner som finst i Oslofjorden, og ikkje minst korleis dei påverkar bestanden av fisk og skaldyr. Arkivfoto: Steinar Hystad/ NPK
I forskingsprosjektet Tiltak mot spøkelsesfiske i Sør-Noreg» er målet å finne ut kor mange spøkelsesteiner som finst i Oslofjorden, og ikkje minst korleis dei påverkar bestanden av fisk og skaldyr.

Korleis påverkar spøkelsesfiske livet langs kysten?

Gjennom forskingsprosjektet Tiltak mot spøkelsesfiske i Sør-Noreg» skal Havforskingsinstituttet finne ut korleis spøkelsesfiske påverkar livet i fjordane.

Publisert Sist oppdatert

– Undersøkingar frå Raet nasjonalpark på Sørlandet viser at det berre i dette området er mellom 12.000 og 15.000 forlatne fiskereiskapar, seier forskar Sunniva Huneide Thjorbjørnsen i Havforskingsinstituttet til NRK.

Ho leier prosjektet der målet er å finne ut kor mange spøkelsesteiner som finst i Oslofjorden, og ikkje minst korleis dei påverkar bestanden av fisk og skaldyr.

– Fisk klarer seg ikkje lenge i ei teine, fordi dei stangar mot nóta. Dei får sår og døyr. Skaldyr kan klare seg i mange månader, om det er kaldt vatn og dei får tak i litt mat, fortel ho.

(NPK)

Powered by Labrador CMS