Mange butikkar slurvar med arbeidskontraktar til tilsette
Halvparten av butikkane hadde ikkje arbeidsavtalar i orden for sine tilsette då dei vart kontrollerte av Arbeidstilsynet.
Hittil i år har 600 verksemder vorte sjekka i varehandelen. Kontrollen viste at:
* 51 prosent av verksemdene hadde mangelfulle arbeidsavtalar.
* 7 prosent – rundt 40 butikkar – hadde ikkje skriftlege arbeidsavtalar med dei tilsette i det heile.
* 44 prosent hadde ikkje verneombod i tråd med regelverket.
– Det er alvorleg at mange arbeidsgivarar ikkje kjenner til kva lova krev av arbeidsavtalane dei skal inngå med arbeidstakarane, seier tilsynsdirektør Ingvill Kvernmo i ei pressemelding.
I fjor sommar kom det nye krav til kva ein arbeidsavtale skal innehalde. Fleire opplysningar skal inn i avtalen. Endringane skal bidra til tydelegare og meir føreseielege arbeidsvilkår.
Kvernmo påpeikar at mange unge og mange deltidstilsette jobbar i varehandelen. Det er også ganske få som er fagorganiserte. Derfor er butikkar eit prioritert område å følgje med på framover for tilsynet.
– Arbeidsavtalen er sjølve fundamentet i forholdet mellom arbeidstakar og arbeidsgivar. Avtalen er ein kontrakt som skal vise kva for nokre grunnleggjande arbeidsvilkår som er avtalte mellom partane, og det finst inga unnskyldning for ikkje å ha det på plass, seier Kvernmo.
(NPK)