Over halvparten av bussjåførar fryktar for livet på jobb, viser undersøking
53,9 prosent av yrkessjåførar meiner dei ikkje er tilstrekkeleg beskytta mot kollisjonar, viser ei undersøking.
Blant bussjåførar svarer 61,8 prosent at det ikkje er tilstrekkelege tryggingstiltak mot kollisjon, ifølgje tryggingsundersøkinga gjort av Yrkestrafikkforbundet (YTF).
Samtidig svarer 22,7 prosent av bussjåførane at dei kjenner seg trygge, og 15,4 prosent er usikre.
Annonse
– Det er kanskje det finaste hjørnekontoret i verda, men det hjelper lite at sjåførane sit i glas og ramme» når ein hamnar i ulykke. Det er mykje plast og aluminiumsfolie som vernar sjåføren, og lite anna, seier Jim Klungnes, forbundsleiar i YTF.
Han meiner det må fleire tiltak til for å verne bussjåførar, mellom anna å sikre førarplassen i større grad.
(NPK)