– Det er positivt å sjå at norske leiarar prioriterer mangfald og inkludering på arbeidsplassen, og at berre 14 prosent meiner at dette arbeidet ikkje er viktig å prioritere. Det blir spennande å følgje utviklinga framover, vi har i alle fall fullt fokus på dette, seier Maren Synnevåg. Her saman med Guri Korshavn i Columbus. Foto: Alf Simonsen/ NTB Kommunikasjon

To av tre norske leiarar prioriterer mangfald og inkludering

64 prosent av norske næringslivsleiarar meiner mangfald og inkludering framleis bør vere ein prioritet trass i aukande internasjonal kritikk.

Undersøkinga er gjennomført av Norstat på vegner av konsulentselskapet Columbus Noreg. 503 norske leiarar med avgjerdsansvar har svart.

– Vi ønskte å finne ut om den aukande motstanden internasjonalt har påverka haldningane her heime. Det har han heldigvis ikkje. Norske leiarar står støtt, seier Maren Synnevåg, marknads- og kommunikasjonssjef i Columbus Noreg, i ei pressemelding.

Den ferske undersøkinga viser også at to av tre leiarar føretrekkjer leverandørar som jobbar godt med mangfald og inkludering.

– At så mange leiarar vel leverandørar som tek mangfald og inkludering på alvor, viser at dette ikkje lenger berre handlar om verdiar, det påverkar botnlinja til bedriftene. Alle som sel varer og tenester bør jobbe med det, fordi kundane ventar og spør etter det, seier personaldirektør Guri Korshavn.

(©NPK)