Vestland styrkjer kompetansen i distrikta
Vestland fylkeskommune lyser ut 12,9 millionar kroner til styrking av kompetansen og arbeidskraft i distrikta.
Pengane skal gå til studiesenter og utvikling av nye utdanningstilbod, melder f ylkeskommunen sine nettsider.
– Vi satsar på å byggje utdanning og framtid der folk bur. Det styrkjer både lokalsamfunna og arbeidslivet, seier Sigrid Brattebø Handegard (Sp), leiar for hovudutval for næring i fylkestinget.
Annonse
Pengane Vestland fylkeskommune skal fordele kjem frå Kommunal og distriktsdepartementet (KDD).
Ordninga Tilskot til studiesenter» utgjer åtte millionar. Studiesentera fungerer som lokale knutepunkt for høgare utdanning og etter- og vidareutdanning, og bidreg til å møte behovet for kompetanse i næringsliv og offentleg sektor.
Det er fire studiesenter i Vestland:
- StudieHub – Fjordane Studiesenter (dekker Nordfjord)
- Studiesenteret Kysten (dekker Kinn, Hyllestad, Askvoll, Fjaler, Solund og Høyanger)
- HVK Studiesenter (dekker Hardanger, Voss og Kvinnherad)
- Sogn Kompetanse (dekker Sogn)
Annonse
(NPK)