Digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung vil at Digitalt dødsbu skal gjere det enklare for etterlatne etter dødsfall. Foto: Javad Parsa / NTB / NPK
Digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung vil at Digitalt dødsbu skal gjere det enklare for etterlatne etter dødsfall. Foto: Javad Parsa / NTB / NPK

Digitalt dødsbu skal gi enklare tilgang på informasjon

Etterlatne og arvingar får no enklare tilgang på informasjon om formuen og gjelda til den avdøde. Digitalt dødsbu er eit frivillig tilbod til etterlatne og arvingar utnemnt av tingretten.

– Digitalisering handlar først og fremst om å gjere liva våre enklare og betre. Difor har regjeringa prioritert å få på plass tenesta «Digitalt dødsbu», sa digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung då ho lanserte løysinga på Digitaliseringskonferansen, skriv Digdir i ei pressemelding.

Kvart år døyr det om lag 40.000 menneske i Noreg. Kvar av dei lét etter seg ofte fleire etterlatne. Tenesta «Digitalt dødsbu» gir deg som er arving enkel tilgang til kontooversikter, kva eigedomar den avdøde hadde, inkludert landbrukseigedom, og kor mange bilar som er registrert på avdøde. Rettleiingsteksta i løysinga forklarar deg korleis du går fram for å velje skiftreform, og du kan velje ein person som representerer deg i dødsbuet.

Det er tingrettane som opprettar det digitale dødsbuet, og melder frå til arvingane om at dei har fått tilgang på løysinga. Altså vil det vere berre rettmessige arvingar som får tilgang og moglegheit til å velje skiftereform. Førebels er det berre tingrettane i Søndre Østfold og Buskerud som har tatt i bruk Digitalt dødsbu. Innan utgangen av året vil alle tingrettane få tilgang, som vil seie at alle i Noreg snart kan bruke løysinga.

«Digitalt dødsbu» er eit samarbeid mellom offentleg og privat sektor.

(©NPK)