I dag testar politiet og Sivilforsvaret nødvarsel over heile landet

I dag testar politiet og Sivilforsvaret nødvarsel over heile landet

Onsdag mellom 11.55 og 12.10 vil mobilar i Noreg vibrere og spele av ein høg, sireneaktig lyd i ti sekund. Samtidig blir Sivilforsvarets varslingsanlegg testa.

Publisert Sist oppdatert

Politiet og Sivilforsvaret køyrer ei felles nasjonal varslingsprøve, opplyser dei på Nødvarsel. Medan mobilane vibrerer og speler av sirena si, vil Sivilforsvaret køyre tyfonane med signalet Viktig melding – søk informasjon».

– Både styresmakter, næringsliv og innbyggjarar må vere førebudde på alvorlege hendingar, også at krig kan ramme. Varslingsprøver er ein viktig del av den nasjonale beredskapen. Eit velfungerande system for å nå befolkninga kjapt og effektivt er ein føresetnad for også å kunne verne menneske og samfunn i krise og krig, seier Elisabeth Aarsæther, direktør i Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap.

Om ein ikkje ønskjer å få varselet, må ein slå av telefonen eller setje han i flymodus frå klokka 11.55 til 12.15 onsdag.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS