Mange kan betala for mykje for mobilabonnement
Det kan løna seg å byta mobilabonnement oftare, meiner Nkom.
I ei ny undersøking gjort av Respons analyse på oppdrag frå Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) kjem det fram at berre ein av fire har byta mobiloperatør ein eller fleire gonger dei siste to åra. Det skriv Nkom i ei pressemelding.
Seksjonssjef i Nkom, Inger Vollstad, trur dette kan kosta forbrukarane mykje pengar.
– Det tyder at mange framleis betalar for mykje, eller har tenester dei ikkje treng, rett og slett fordi dei ikkje tar seg tid til å sjå seg rundt, seier ho.
Ho forklarar at marknaden er i rask endring, og at nye tilbod og modellar dukkar opp heile tida.
– Ved å velja det abonnementet som passar best for ditt forbruk, anten hjå ein ny operatør eller hjå den du allereie har, kan du spara betydelege summar. Samstundes sender du eit viktig signal til mobiloperatørane om at me som forbrukarar følgjer med og forventar både gode tenester og konkurransedyktige prisar, seier Vollstad.
(NPK)