– Barn har ein anna fysiologi enn vaksne. Det vil seie at dei ultralydmetodane vi har for å måle dette hos vaksne, ikkje er så godt eigna for barn. Hovudmotivasjonen er å betre diagnostikken vår, for å kunne setje inn tiltak tidlegare, seier Kristian Sørensen i ei pressemelding frå Helse Midt-Noreg.
Sørensen er nyføddlege, barnekardiolog, og ph.d.-kandidat på forskingsprosjektet.
Kardiologi er læra om hjartet og hjartesjukdomar, og innanfor dette området er ultralyd av hjartet det verktøyet som blir nytta mest for diagnostikk.
I studien har Sørensen nytta ein ny type ultralyd med ekstra høg biletrate, kalla «blood speckle tracking», utvikla av Institutt for sirkulasjon og biletdiagnostikk ved NTNU.
Førebels verkar metoden lovande, men Sørensen vil ikkje vere bastant på betyding for klinisk praksis enda. For å sjå kva plass metoden kan ha i klinikken, må den testast i større skala over fleire år.
– I mine auge har vi no lagt eit godt grunnlag og kan sjå nærmare på korleis dette kan brukast til å evaluere effekt og føreseie behov for behandling. Det håpar vi å kome i gang med til hausten. Vi har konkrete planar for det i samarbeid med barnesjukehuset i Toronto i Canada, seier Kristian Sørensen.
(©NPK)