Til saman hundre gauper er registrerte drepne eller omkomne i jaktåret 2024/2025. Det er det største talet på 14 år. Foto: Heiko Junge / NTB/ NPK
Til saman hundre gauper er registrerte drepne eller omkomne i jaktåret 2024/2025. Det er det største talet på 14 år. Foto: Heiko Junge / NTB/ NPK

Over 100 gauper skotne eller drepen siste jaktår

Det var auka avgang av fleire av rovdyra våre i jaktåret. Aller verst gjekk det utover gaupa.

Til saman hundre gauper er registrerte drepne eller omkomne i jaktåret 2024/2025, ifølgje Statistisk sentralbyrå (SSB). Det er det største talet på 14 år.

Til saman 78 gauper vart skotne under kvotejakta i vinter. Fellingskvoten var på 83 dyr.

Også avgangen av jerv og bjørn var større i jaktåret 2024/2025 enn i førre jaktår. For ulv var det ein nedgang.

Totalt vart 14 ulvar registrerte skotne eller omkomne av andre årsaker i jaktåret. Fem ulvar av ein kvote på 43 vart skoten under lisensjakta i vinter. Dette er ein nedgang frå året før, då 18 ulvar vart skotne under lisensjakta.

Åtte ulvar vart skotne under skadefelling, medan éin ulv vart påkøyrd.

I alt 128 jervar vart skotne eller omkom av andre årsaker. 78 av dei vart felte under lisensjakta, medan 39 vart felte under skadefelling.

(©NPK)