– Det er veldig viktig at laksefisket er berekraftig og at vi ikkje overfiskar enkeltbestandar. Gjer vi det forsvinn villaksen. Eg er glad for at det ikkje er nødvendig med fleire innstrammingar i laksefisket denne sesongen. Det er framleis ein alvorleg situasjon for villaksen, men vi kan vere tryggare på at enkeltbestandar ikkje blir overfiska, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen i ei pressemelding.
Etter å ha innført historisk strenge reglar for fisket i vår, har Miljødirektoratet gjennomført ein midtvegsevaluering av innsiget av laks så langt i sesongen. Direktoratet har med grunnlag i dette vedteke at det ikkje er behov for fleire innstrammingar denne sesongen. Samtidig understrekar direktoratet at krisa for norsk villaks langt frå er over.
– La det ikkje vere nokon tvil: Villaksen er framleis i krise. 2024 var eit historisk botnpunkt, og det er framleis langt igjen før vi kan seie at villaksen er trygg. Skal kommande generasjonar få oppleve villaks i norske elvar, må vi forvalte med ansvar. Sesongen i år ser førebels betre ut enn i fjor, og sidan vi stramma inn tidleg, kan laksefisket halde fram, seier direktør i Miljødirektoratet, Hilde Singsaas.
(©NPK)