Regjeringa opnar igjen for fiskeoppdrett på land
20. desember 2022 vart det innført ein mellombels stopp i moglegheita til å søkje om løyve til akvakultur på land for laks, aure og regnbogeaure. Nytt regelverk gjer at ein no opphevar den stoppen.
Nærings- og fiskeridepartementet har tysdag fastsett endring av laksetildelingsforskrifta og akvabiosikkerheitsforskrifta. Endringane inneber ei presisering av vilkår for plassering av anlegg, slik at grensa mellom kva som blir rekna for å vere på land og i sjø blir tydelegare. Det blir òg innført krav om desinfeksjon av inntaksvatn for anlegg på land for å avgrense risiko for spreiing av smittestoff via vatn.
Fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss meiner at eit tydelegare skilje mellom fiskeoppdrett på land og i sjø vil gi meir føreseielege rammevilkår for næring og forvaltning.
– Regjeringa vil leggje til rette for ei berekraftig utvikling av fiskeoppdrett på land, seier ministeren i ei pressemelding.
Tydelege krav i forskrifter om etablering og drift av anlegg på land vil også effektivisere tildelingsprosessen og redusere sjansane for forskjellsbehandling av aktørar, meiner departementet.
– Krav om reinsing av inntaksvatn er nødvendig for å redusere risiko for spreiing av smittestoff til sjøanlegga, og for å sørgje for god biotryggleik i anlegga på land. Dette vil vere gunstig både for eksisterande aktørar i sjø i nær geografisk tilknyting til det aktuelle landanlegget, og dessutan det marine miljøet, seier Næss.
Forslaget til nytt regelverk har vore på høyring og departementet fekk nærare 50 innspel.
(NPK)