Fellesforbundet vel ny leiar – Justnes einstemmig innstilt
Torsdag arrangerer Fellesforbundet eit representantskapsmøte for å velje ny leiing etter at Jørn Eggum trekte seg som leiar før sommaren.
Christian Justnes er einstemmig innstilt som ny forbundsleiar, opplyser Fellesforbundet i ei pressemelding
Han har fagbrev som forskalingssnikkar og jobba i 24 år for Kruse Smith Entreprenører i Kristiansand, der han også var tillitsvald. I 2012 vart han vald til leiar for Fellesforbundets avdeling tre i Agder fagforeining, og sidan 2022 har han vore vald inn i Fellesforbundets leiing som forbundssekretær.
I tillegg er Stian Sagvold innstilt som ny nestleiar, og Hilde Elgesem Andersen innstilt som ny forbundssekretær.
Representantskapsmøtet finn stad på Radisson Blue Airport Hotel klokka 13.45 torsdag.
Årsaka til at Fellesforbundet skal velje ny leiar er at Jørn Eggum trekte seg frå stillinga i juni. Han fekk kritikk for handteringa av sluttavtalen til ein kvinneleg tillitsvald, som han i fleire år hadde hatt eit intimt forhold til. Samtidig trekte han seg frå sentralstyret i Arbeidarpartiet.
(NPK)