Planteforskar Tage Thorsensen meiner genredigering byr på store moglegheiter for norske jordbær. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB/ NPK
Planteforskar Tage Thorsensen meiner genredigering byr på store moglegheiter for norske jordbær.

Forskar trur genteknologi kan redde norsk jordbærsmak

Planteforskar Tage Thorsensen ved Norsk institutt for bioøkonom (NIBIO) meiner genredigering byr på store moglegheiter for norsk jordbruk, og at det mellom anna kan få fram jordbær som er både søte, haldbare og resistente mot sjukdommar.

Publisert Sist oppdatert

Det skriv Nationen.

– Du har ein jordbærsort som smaker kjempegodt, men som ikkje toler sjukdom så godt og som har dårleg haldbarheit. For å betre haldbarheita, kryssar du sorten med ein annan, men i iveren etter betre haldbarheit, mistar du noko av smaken. Med genteknologi kan du gjere avlen meir målretta, samtidig som du bevarer alle dei andre eigenskapane, sa Thorstensen under ein panelsamtale på Arendalsveka.

Landbruksorganisasjonane er skeptiske til ein meir liberal genteknologi.

Leiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Tor Jacob Solberg, meiner ein til liks med sjakkspelarar, må tenkje mange trekk fram i tid og ikkje berre kortvarig profitt. Han fryktar genteknologi kan endre det norske landbruket slik vi kjenner det i dag.

(NPK)

Powered by Labrador CMS