Faren for at Noreg hamnar i ein økonomisk trippelskvis er litt lågare, men langt frå over, meiner NHO-sjef Ole Erik Almlid.
Foto: Tor Erik Schrøder / NTB / NPK
NHO-sjefen: Faren for trippelskvis er ikkje avblåsen
Faren for at norsk økonomi blir ramma av ein trippelskvis, er ikkje over, meiner NHO-sjef Ole Erik Almlid. Torsdag trer USA-tollen på 15 prosent i kraft.
Med ein tollavtale mellom EU og USA nesten på plass, har ting roa seg noko, meiner NHO-sjefen. Men framleis står att det mange uavklarte spørsmål.
– Uvissa er så stor at ein ikkje kan avvise noko som helst. Faren for trippelskvis er noko lågare no enn før, sidan faren for handelskrig mellom EU og USA er lågare, men siste ord er ikkje sagt, seier Almlid til NTB.