Flammar og fyrverkeri er nesten blitt standard på konsertar.
Foto: Thomas Fure / NTB / NPK
Pyro-boom på konsertar
Bruken av pyroteknikk på konsertar har auka markant dei siste åra, ifølgje ekspertar i musikkbransjen.
Pyro har gått frå å vere assosiert med rockeband til å bli eit must for dei fleste artistar, skriv NRK.
– Det har skjedd noko dei siste åra i den vanlege popmusikken. Folk forventar eit show. Dei forventar pyro. No må ein ha det om kidsa skal hugse konserten, seier musikkekspert Guttorm Andreasen til NRK.